Me er no inne i siste øvingsveke før NM som vert arrangert i Bergen til helga. I år har me Yngve Nikolaisen som dirigent til NM. Øvingane har vore inspirerande og kjekke og me føler at me nærmer oss «toppformen». Stykket me speler er Excalibur av den Hollandske komponisten Jan Van der Roost.
Det vært ein åpen «huskonsert» på Stord Vidaregåande Skule torsdag 7.februar kl 1830. Tysnes og Sagvåg Musikklag framfører der NM nummerene så dette er muligheten for å høyre korpset og NM nummeret. Gratis adgang (me vurderer utgangspenger)
Sagvåg Musikklag deltek i 2. divisjon og me skal på scenen i Grieghallen kl 1230 fredag 8.februar. Dersom du ikkje har høve til å være publikummer i Bergen på fredag har du muligheten til å sjå og høyre oss på TV2 SUMO. Denne betalingskanalen sender heile NM så her har ein muligheten til å høyre alle NM korpsa både fredag og lørdag samt at festkonserten med Cory Band vært sendt lørdag kveld.